Konferanse: Fisk og havvind

Korleis får me til sameksistens og synergiar mellom havvind og fiskeri? Velkommen til konferanse i Stjørdal, Scandic Hell, 13. mai.
Image
Image

Meld deg på konferansen via denne lenken.

Mange talar varmt for stor utbygging av havvind i norske havområde, både for å skapa meir energi og for å skapa arbeidsplassar og industriutvikling.

Alle veit at fiskeri er ei gamal og viktig næring som tyder mykje langs kysten i Noreg og for produksjon av mat. Debatten viser frykt for at havvind både skal ta store areal og på andre måtar øydelegga for fiskeri.

Me ynskjer sameksistens og å få til synergiar mellom havvind og fiskeri.

  • Kan me sikra gode kår både for fiskeri og for havvind i Noreg?
  • Kva veit me, og kva kunnskap treng me i tillegg for å sikra begge næringane?

Seminaret er gratis og ope for alle, men deltakarane betalar overnatting og dagpakke.

Sjå program her

 

Praktisk informasjon

Me har holdt av rom på Scandic Hell fra 12. - 13. mai.

For å få vår spesialpris, bruk bookingkode BNOO120522. NB! Reserver rom før 28. april for å vera sikker. Rom bookes på hotellets hjemmeside

For andre praktiske spørsmål, ta kontakt med toe@norog.no     

Image